Smakebit

Er du nyfiken på kva du får sjå på Åstun 9. november? Her får du ein liten smakebit!

Og – har du ikkje skaffa deg billett, er det framleis mogleg å få plass på ekstravisninga klokka 17 (fyrstemann til mølla).

Billetter finst på Joker Kvås. Om ikkje det passer, kan du tinge billett på e-post (post@kvas.no)

Snart 50-årsjubileum

Kvås bygdelag førebur no eit større jubileum som finn stad i Kvås i 2013.
Då er det nemleg 50 år sidan gamle Kvås kommune vart okkupert av Lyngdal kommune. Ein komité er satt ned for å jobbe med jubileet. Kolbjørn Stuestøl er valt til leiar, medan Osvald Egeland skal vere musikalsk ansvarleg for jubileet. Bygdelaget meiner det vil passe fint for Kvås å lausrive seg frå Lyngdal i samband med jubileet.
For dei som måtte vere i tvil, så viser biletet over kommunevåpenet for Kvås.

Han innrømmer valfusk

Asbjørn Stokkeland skal på jobb tysdag ha innrømma at han fuska med stemmesedlene under kommunevalet på sambrukshuset.

Stokkeland, som på Kvås-garden er kjend som ein sterk motstandar av Kvås-partiet (KP), fjerna alle stemmesedlene til partiet før folk kom for å stemme. Dette var grunnen til at KP ikkje fekk stemmer i Vemestad valkrins.

Valfunksjonær Kirsten Hjemlestad meiner no at ho såg valfusket med eigne auge. Men ho torde ikkje å seie frå fordi ho ikkje var sikker.

Kommunen seier at saka ikkje har noko å seie for valutfallet. KP sin fyrstekandidat, Bjarne Gunnar Gullestad, ynskjer ikkje å kommentere saka.

Kvås-partiet stiller liste

Kvås-folket har i år gått sammen om å danne en sin egen liste til høstens kommunevalg. Partiet har fått navnet Kvås-partiet (KP), og vil ifølge ordførerkandidat Bjarne Gunnar Gullestad kjempe for bygdas ve og vel.

Kvås-partiet har følgende prioriterte saker i sitt valgprogram:

• Asfaltering av Dydlandskleiva og Bulikleiva.
• Gang- og sykkelvei mellom Birkelandsbrua og huset til Gullestad.
• Innføring av 30-sone i Pinnebyen.
• Bevare Berge ungdomsskole i Kvås.
• Omregulere Kvåsheimen til kjøpesenter.
• Droppe laksetrappen, og bygge ut vannkraft i Kvåsfossen.
• Bygge ut boligfelt på Håvetoft.
• Kjempe for at Kvås skal bli egen kommune.
• Anlegge ridebane i tilknytning til Kvås skole.
• Vil jobbe for å fjerne den gulgrønne Gråtass-traktoren ved butikken.

Dette er listen:

1) Bjarne Gunnar Gullestad
2) Jorunn Birkeland
3) Oddbjørg Hestad
4) Arne Håvetoft
5) Anne Lise Langeland

 

Lyngdølane kjem

I desse dager er det mange lyngdølar som vitjer Kvås for fyrste gong, i samband med at Berge ungdomsskole skal flytte til Kvåstunet.

Me vil oppmode bygdefolket til å ta godt imot lyngdølane, og gjerne vise dei rundt. Dei har trass alt ei lang reise kvar dag til skulen.

Han fjerna traktormannen

Øyvind Berntsen, den nye leiaren på Joker Kvås, står fram på kvas.no og innrømmer at det var han som fjerna dokka frå traktoren på butikken her om dagen.

Bygdefolket i Kvås har vore i sjokk sidan det vart kjend at traktordokka var kidnappa. Mange spekulerte i om det var Helge Foss som hadde kidnappa han. Det gjekk og rykter om at han krevde lausepengar.

Men mysteriet vart løyst inne på pauserommet på Joker Kvås då Dagny Bryggeså konfronterte den nye butikkleiaren med forsvinninga.

Berntsen seier at han ikkje tykte traktormannen passa inn på nærbutikken i Kvås, og selte han til SPAR-butikken i Konsmo, som var så interessert i han. Men etter stort press frå bygdefolket, vart han tvungen til å kjøpe han attende.

Hjertelig hilsen Kvås

Det var i februar det gjekk føre seg. På kulturhuset i Lyngdal. Kvås-koret Sela selte ut to heile framsyninger med «Hjertelig hilsen Kvås». Likevel var det mange som ikkje fekk det med seg.

No har det seg slik at alt vart filma av Kvås Film, med varierande teknisk kvalitet. Folk har mast og mast, om ikkje me kan leggje ut ein dvd for sal.

Dette er no gjort. På Joker Kvås kan du kjøpe dvd-en, for 150 kroner. Med på kjøpet får du skjult kamera-filmsnotten frå 17. mai-festen.

Skjult kamera

I samband med folkefesten på 17. mai var Kvås Film ute med sitt skjulte kamera. Om du er ein av dei få som ikkje var på festen, kan du sjå resultatet her. Og om du var til stades, har du her høve til å sjå filmsnotten om att.

Snart er det hipp-hipp!

Me har knapt fått svelga påskeegget. Skiene har framleis klister på. Sumardekka ligg klar. Plenen er full av mose, og hekken er enno ikkje så grøn som me ynskjer han.

Men no livnar det i lundar! Det er berre nokre veker att!

Finn fram 17. mai-flagga!

Kvås Film har byrja nedtellinga til nasjonaldagen – og kan til nokre si glede og andre si fortviling varsle at me er attende på folkefesten!

Aprilspøk

Me kan ikkje seie at det var valdsamt mange som gjekk på Kvås Film sin aprilspøk om å sende inn ein vits for å få sett 58 grader nord på Youtube.

Likevel; filmen ligg på lukka område på Youtube. Og om nokre har ein knallgod vits, kan dei poste han på vår Facebook-side, så får dei sjå kva som skjer. Det kan jo vere dei vil få tilgong.