Røyk mot asylplaner

dsc_98031.jpg
Ein mann med tilknytning til Kvås har gjennom heile fredagen jobba aktivt imot planene om asylmottak i bygda
.

Det er blitt gjort eit forsøk på å røykleggje heile det aktuelle asylområdet i håp om at det skal føre til at planene leggjast på is
. Men vindretninga førte i staden til at folk øvst i Kvås vart råka av røyk, medan dei på skuleområdet ikkje merka noko
.

kvas.no har motteke fleire klager
. På Øyna camping til dømes har gjestane måtte halde seg innandørs på grunn av røyken.

Skuffa over asylplaner


20080402_606238_1s.jpg
Ingunn Kvinlaug, som har vore tilsett på Kvås Folkehøgskule, er skuffa over planane om 150 asylsøkjarar i Kvås

. Ho meiner at det truleg vil vere mogleg å få plass til nærare 300 i dei gamle skulebygningane.

Eigedom til sals


abcenter1.jpg

kvas.no har eksklusivt fått tak i eit utkast til annonse for sal av bygningsmassen ved Kvås videregående skole

. Utkastet, som kjem frå ABCenter er no til handsaming i leiinga hos Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM)

. Det er venta at annonsen publiserast i løpet av nokre veker.

Takkar Kvås


bruce1.jpg

Bruce Springsteen ønskjer via kvas.no å takke delegasjonen frå Kvås som var på konsert i Oslo for ei framifrå støtte

. Han dreg særskild fram namna Petter Birkeland, Odd Hjemlestad og Kjellaug Gabrielsen
.

Hestad under mistanke


1.jpg

Misjonssambandet (NLM) mistenkjer Helge Hestad for å stå bak tagginga langs vegen nedanfor Vemestadbrua

. Hestad har ikkje ynskja å uttale seg om saka.

Fotografi førte til jobb



n877930006_3186721_5352.jpg

Asle Olaf Foss sendte med dette fotografiet då han søkte jobb hos Torrey Nørsett

. Og han fekk jobben med ein gong

. Thor Thomassen, som óg søkte jobb hjå Nørsett, fekk avslag – fordi han hadde auga att på biletet

.

Bjørneknipen?


uten-navn-1-kopi.jpg
Per Grimsby meiner Ørneknipen bør døypast om til Bjørneknipen

. Han er nemleg sikker på at han såg bjørnespor på vegen til knipen, og tykkjer eit namnebytte hadde vore framifrå
.

Trur han såg bjørnen

12989124img2989106.jpg
Olav Håvetoft meiner at han såg den etter kvart mykje omtalte bjørnen som nyleg drap ein sau i Hægebostad

. Håvetoft seier at han såg bjørnen vassande i Brådlandsvatnet. Olavs bror Arne meiner han tek feil.

Klage frå NLM-general


mmedia_2081.jpg
Generalsekretær Ola Tulluan (biletet) i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) har sendt skriftleg klage til festkomiteen etter all harseleringa med NLM på 17

. mai-festen i Kvås laurdag kveld

. Komitéleiar Sven Sunnset seier til kvas.no at han meiner harselasen var på sin plass.