Author Archives: admin
Trumf
Nyskaping frå kvas.no
kvas.no er i stadig utvikling. Nytt i år er at me i god kvas.no-and lanserar spalta «Høyrd på butikken»
.
Denne spalta er tenkt å innehalde utsegn som anten er høyrd på nærbutikken på Vemestad eller som kunne ha vore høyrd der
.
Om du høyrer noko på butikken som kunne vore av interesse for kvas.no ser me gjerne at du tek kontakt på post@kvas.no.
Kvås ikkje til sals
Dei likar det ikkje
Avinor, tidlegare Luftfartstilsynet, likar ikkje alle ljosa på Morsfjellet og meiner dei er ei stor fare for flysikkerheita
. Minst to gonger den siste veka skal småfly ha gått ned i høgde fordi dei trudde ljosa på fjellet var lufthamna på Kjevik. Avinor har ingen kommentarar til den fattigslege ljossettinga på Ørneknipen.
God jol!
Vest-Agder ungdomsskule?
Vonbroten
Kjellaug Gabrielsen er vonbroten over at det ikkje var ho som vart intervjua av NRK Sørlandet, som hadde TV-innslag om nedlegginga av Kvås vidaregåande skule
. Gabrielsen, som jobber på skulen, skriv i ein e-post til kvas.no at ho tykkjer Asle Foss, som vart intervjua, stikk seg for mykje fram
. Foss ynskjer ikkje å kommentere kritikken
.