Vil du ha?

Sentralbordet i Kvås Film blir ringt ned av folk som ynskjer å kjøpe Kvås Film sin nye, eksklusive kopp. Me har beslutta å leggje koppen ut for sal på Joker Kvås og på Traktor AS. Der kan du kjøpe han for 149 kroner. Inntekta skal gå til drift av Kvås Film, og til vårt nye store filmprosjekt. Vent og sjå!

Det er jo ei dokke!

Det gjekk just opp for Jorunn Birkeland at det er ei dokke som sit på traktoren utanfor Joker på Vemestad. Ho trudde det var Thor Thomassen, og var så imponert over kor lenge han klarte å sitje der. Då mannen Rune sa at det var ei dokke, blei ho så øvigjedd.