Braut fartsgrensa

Tom Erik Hestad vart den fyrste til å bryte 60-sona mellom Foss og Ytre Vemestad. Han kom opp i 76 kilometer i timen ved Rudjord, og er nøgd med resultatet. Det seies at han på vegen køyrde forbi Kåre Udlands brøytebil.

Mullahen til Kvås

Mullah Krekar står fram, og seier at han, saman med familie og politivakter, skal bu i Sørheim, eit av folkehøgskulebygga i Kvås. Han vitja staden i forrige veke, og har sendt oss dette biletet frå sitt private album. Mullahen meiner det er tryggare å bu i Kvås, enn i hovudstaden.

Det skal likevel ikkje vere Torgeir Kvås og Torgeir Gundersen som har kjøpt bygningsmassen, slik Kvås Film meldte tidlegare i dag. På Kvås Dagligvare preker dei om at det kan vere  Torrey Nørsett, og at han skal leige ut til Krekar. Men desse opplysningane er ikkje stadfesta.

Torgeir og Torgeir?

Kvås Film trur det er Torgeir Gundersen og Torgeir Kvås som står bak Kvåstunet AS, og har kjøpt skulemassen i lag. De pønsker på noko i all hemmelegheit.

Ut frå saka i DagenMagazinet ser det ut til at dei har fått heile Kvås med på kjøpet.

Nøkland på OL-synfaring

Tidlegare ordførar og skihoppar, Anders Nøkland, meiner det er blitt så mange flinke skihopparar i Kvås no – at han meiner det bør byggjast ein 120-metersbakke i bygda. Difor har han no reist til OL-hoppbakkane i Canada på synfaring. Nøkland meiner Kvås bør få eit slikt anlegg som dei har der.