Grasrotandel til Kvås Film

grasrot
Er du blant dei som spelar hjå Norsk Tipping? I så fall kan du gjennom den såkalla Grasrotandelen støtte Kvås Film, samstundes som du leverer inn Lotto-kupongen eller tippekupongen.

Kvås Film har dei siste vekene vore i forhandlingar med Norsk Tipping og Brønnøysundregistra for å bli godkjend som mottakar av Grasrotandel-pengar. Det er årsaka til lite oppdatering på kvas.no den siste tida. Men endeleg lukkast me.

Framgangsmåten for deg er enkel. Om du seier til tippekommisjonæren at du vil støtte Kvås Film kan du gje han eller ho Kvås Film sitt organisasjonsnummer 994307363. Då går indirekte fem prosent av beløpet du tippar for direkte til drift av Kvås Film og kvas.no.

Me kjem attende med meir informasjon om dette – truleg i flugeblad til deg – i postkassa – om du bur i Kvås. Og det gjer du jo sjølvsagt.