DVD i produksjon

paplakaten.jpg

Kvås Film sin nye dobbel-DVD er no i produksjon. Me håpar han snart er klar til levering.

Dobbel-DVD-en inneheld opptak frå Sela si jubileumframsyning «Kvås på plakaten» i Lyngdal kulturhus 7. november i fjor. DVD-en inneheld óg snottar frå 17. mai-festen i fjor.

Skulle du angre på at du enno ikkje har tinga, har du høve til å gjere det fram til og med 10. februar. Då er det slutt. Prisen er kr. 200,- per stk. Tingingar kan gjerast ved å sende epost til dvd@kvas.no.