– Snytt for sigeren

ploying.jpg
Geir Magne Hauge er vonbroten etter Qvaas-meisterskapet i pløying i helga. Hauge føler seg nemleg snytt for sigeren. Han meiner at han presterte langt betre enn Torleiv Rom, som vann klassen for einskjersplog – som reknast som den mest prestisjetunge greina i pløying. Det vil bli levert inn protest. Journalist Torrey Enoksen har lånt ut biletet av Hauge, sitjande på traktoren før pløying.

Mistenkjer NLM-sjefar

bil.jpg
Oddbjørg Hestad har mistanke om at det kan vere nokre av sjefane i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) som har gjort innbrot i bilen hennar i Pinnebyen. Innbrotet fann stad natta før alle NLM-sjefane vitja Kvås for å seie at dei vil leggje ned bygdas vidaregåande skule. Politiet meiner óg det er godt mogleg at det er ein samanheng. NLM-leiinga vil ikkje uttale seg i saka.

Det var jo ein spøk

Me beklager. Kunngjeringa om at kvas.no legg ned sin verksamheit var ein aprilspøk. Nokre byrja å stusse. Og det var jo ikkje så rart.

Enkelte var kanskje glad for meldinga. Det finnast sikkert personer som skulle ynskje kvas.no og Kvås Film dit pepparen gror. Men konsernleiinga har ikkje tenkt å reise dit. Diverre for dykk.

Me vil nemleg halde fram med å omtale det viktige som skjer i bygda vår – enten du vil eller ikkje. Og me vil saumføre kvar krok i Kvås med kameraet vårt. Har du lyst til å hamne på skjermen er det berre å seie i frå.

kvas.no legg ned

Kvås Film og kvas.no legg ned si verksamheit. Årsaka er mangel på motivasjon hos dei tilsette. Dersom nokon er interessert i å overta ber me at de snarast tek kontakt med konsernleiinga til post@kvas.no. Hvis ikkje rekner me med å avvikle nettstaden i løpet av dei fyrste dagene.