– Det va æg

radr.jpg
Astrid Dagrun Gullestad seier at det var ho, og ikkje Jorunn Fosse som vart stoppa ved politiet sin laserkontroll ved bedehuset onsdag. Gullestad opplysar at ho ikkje vart teken i å køyre for fort, men at ho berre skulle inn på bedehuset og låne ei gardintrapp.

Portvakt på Undeland

undeland.jpg

Når Undelands «vener» overtek misjonsgarden vil det bli sett opp døgnbemanna portvakt ved innkøyrsla. Staden vert nemleg ikkje lenger open for kven som helst. Kriteria for å kome inn er førebels ikkje kjend, men mangeårig medlemskap i misjonssambandet er visstnok ikkje noko ulempe.

Nyskaping frå kvas.no

kvas.no er i stadig utvikling. Nytt i år er at me i god kvas.no-and lanserar spalta «Høyrd på butikken».

Denne spalta er tenkt å innehalde utsegn som anten er høyrd på nærbutikken på Vemestad eller som kunne ha vore høyrd der.

Om du høyrer noko på butikken som kunne vore av interesse for kvas.no ser me gjerne at du tek kontakt på post@kvas.no.