Populær elg

bilde-1.png

kvas.no sine filmsnottar er populære på nettstaden Youtube. Favoritten ser ut til å vere det skjulte kameraet, der med anna eit elghovude ligg i vegkanten. Denne snotten er sett av 5.800 personar. Bysteavdukinga i Lyngdal, med prost Paul Gerhardt Birkeland er sett av i overkant av 2.000, medan brannmannen Kåre snart er blitt sett av tusen stykkjer.

Utkant?

fa-utkant.jpg

Dei redaksjonelle medarbeidarane i lokalavisa Farsunds Avis ser ikkje ut til å ha forstått geografien i Lyngdal kommune når dei kallar Kvås for «utkantslyngdal». Alle veit jo at det er Kvås som eigentleg er sentrum og hovudsete i kommunen. Det burde ikkje vere naudsynt å kommentere det, men me vel å gjere det likevel.