Kvås-kytaren

leines2.jpg

KrF sin ordførarkandidat Leidulv Nesgård kjem med valdsam kyt av Kvås-bygda i eit lesarinnlegg i Farsunds Avis 7. august. I innlegget reklamerer han òg for kvas.no, noko me sjølvsagt er takksam for. Ordførarkandidaten slår samstundes fast at Kvås er ein viktig del av Lyngdal. Det er å snu saka noko på hovudet. Sanninga er vel heller at Lyngdal er ein viktig del av Kvås.

Orsakar dopingrot

Arne Kristensen er frikjend frå dopinganklagane mot han på Undeland triatlon. Svein Kjørvik som stod for dopingprøvane orsakar rotet med urinprøvane. Prøva som var merkt Kristensen høyrte til ein av Kjørvik sine eigne sauar.