Ny snøscootar

I dag kan me avsløre at Melvin Bryggeså har kjøpt seg ny snøscootar.

Me har jobba nokså grundig for å få bekrefta dette. Difor har det gått nesten to månader sidan me sist oppdaterte kvas.no.

Diverre har me førebels ikkje fått klårheit i kva snøscootaren skal nyttast til. Dette vil me kome attende til straks me veit meir.

Jolekalender på Facebook

Om du ikkje har Facebook-konto, er det no på høg tid at du får deg det.

For i år vil Kvås Film ha sin eigen jolekalender på si Facebook-side. Der vil du kvar dag i desember, heilt fram til jolaften få servert jolenøtter som du skal svare på. Dei som på 24 dager får flest rektige, kjem til å vinne ein premie

Difor er det berre å tenne fakla, setje fram jolenissen brygge noko tomtebrygg og gjere seg klar til Kvås Film sin store jolekalender. Det skjer kun på Facebook!

Slottet i Kvås

Det kongelege hoff har peika ut Kvåstunet sitt bygg, Austheim til sin årlege bygningspris.

Hoffet meiner Austheim, som no er blitt belyst på ein respektabel måte framstår som eit praktbygg. Ikkje ulikt Slottet i Oslo.

Kvåstunet sin direktør Terje Svindland er nøgd med nominasjonen og innrømmer at han hadde hoffet sin bygningspris i tankane då Austheim blei malt og belyst.

Saknar skattelister

bf

Børge Foss, som just har klyppa seg, meiner det er ein uting at ikkje Kvås Film gjer skattelistene tilgjengelege på kvas.no.

Foss kjem i løpet av neste veke til å henge opp ei eiga skatteliste på butikken over dei som sit i kyrkjelydsrådet.

Torgeir Gundersen tykkjer Kvås Film skulle ha laga ei ti-på-topp-skatteliste over dei som bur på heiene og ei tilsvarande liste over dei som bur i dalen.

Katolsk menighet i Kvås?

Pater Kjell Arild Pollestad i den katolske kyrkja har merka seg suksessen til Ann Kristin Eikelands nye katolske Kvås-kor.

No ynskjer Pollestad å etablere ein eigen katolsk menighet i bygda. Det er venta at han vil ha ein stand utanfor kyrkja etter Eikelands releasekonsert neste fredag.

Pateren meiner likevel at koret må vere litt mindre frisinna enn det var på Sparebank1 sin humorfest om det skal høyre inn under den katolske kyrkja.

Gåve til KrF-politikar

Torbjørn Ougland innrømmer at han i si tid som KrF-politikar i kommunestyret har motteke ei gåve, i form av ein flott caps frå Statens vegvesen.

Ougland meiner likevel at han ikkje er forplikta til å vere positiv til vegvesenet om han må handsame politiske saker om veg.

NB! Biletet har Kvås Film fått i gåve frå Torrey Enoksen i Farsunds Avis!

Fiska på ein måndag!

Roy Dillerud seier at han såg Fylkesmannens fiskeforvaltar Edgar Vegge (biletet) fiske i Lygna sist måndag.

Alle veit jo at det ikkje er lov å fiske på måndager. Vegge tek sjølvkritikk. Han seier at han ikkje fekk fisk, og unnskulder seg med at han trudde det var onsdag.

Me vil opplyse om at biletet er manipulert. Kvås Film vil jo ikkje at nokre skal tru at me tøyser med verkelegheita.