Ståhei på Åstun

Det var stor ståhei då Kvås Film arrangerte filmkveld på Åstun fredag kveld. Dei nesten 150 personane som var møtt fram fekk sjå gamle arkivsnotter og den nye produksjonen 58 grader nord.

Me trur flesteparten tykte det vart ein fin kveld. Kvås Film tykte i alle fall det.

Takk til alle frammøtte! Gje dykk sjølv ein applaus der de sit!

Og takk til alle dei som gjorde det mogleg å arrangere filmkvelden – det var ikkje få! Gje gjerne dei og ein applaus!

25. mars skjer det

Fem hardt prøvede slapp gjennom nåløyet til å bli med som deltakere i Kvås Films store realityserie. Gjennom ett døgn skulle de ta seg fra Undeland til Gaustadvia. Underveis måtte de kjempe seg gjennom tøffe konkurranser. Tilbake stod én vinner.

Dette, og mer til kan du se på Åstun i Kvås, fredag 25. mars klokken 18.30. Salg av noe å bite i i pausen.

Fra torsdag ettermiddag vil det bli mulig å få kjøpt billetter igjen på Joker Kvås.

Kvås-lue til noregscupvinnar

Kjellaug Sunnset, som er kona til leiaren i Kvås bygdelag, er i full gong med å strikke ei Kvås-lue til Frank Otto Røiseland, som i helga vann noregscuprennet i Telemark-køyring.

To sylvfarga basarårer pryder Kvås-lua, som elles er grøn. Dette er den fyrste Kvås-lua som nokon gong er laga. Det er venta at ho kjem til å bli valdsamt populær.

Bygdelagsleiar Sven Sunnset meiner Røiseland fortener ei Kvås-lue etter den solide innsatsen i noregscupen. Ordførar Ingunn Foss ville gje Telemark-køyraren ei Lyngdal-lue, men det ville han ikkje ha.

Ny snøscootar

I dag kan me avsløre at Melvin Bryggeså har kjøpt seg ny snøscootar.

Me har jobba nokså grundig for å få bekrefta dette. Difor har det gått nesten to månader sidan me sist oppdaterte kvas.no.

Diverre har me førebels ikkje fått klårheit i kva snøscootaren skal nyttast til. Dette vil me kome attende til straks me veit meir.

Jolekalender på Facebook

Om du ikkje har Facebook-konto, er det no på høg tid at du får deg det.

For i år vil Kvås Film ha sin eigen jolekalender på si Facebook-side. Der vil du kvar dag i desember, heilt fram til jolaften få servert jolenøtter som du skal svare på. Dei som på 24 dager får flest rektige, kjem til å vinne ein premie

Difor er det berre å tenne fakla, setje fram jolenissen brygge noko tomtebrygg og gjere seg klar til Kvås Film sin store jolekalender. Det skjer kun på Facebook!

Slottet i Kvås

Det kongelege hoff har peika ut Kvåstunet sitt bygg, Austheim til sin årlege bygningspris.

Hoffet meiner Austheim, som no er blitt belyst på ein respektabel måte framstår som eit praktbygg. Ikkje ulikt Slottet i Oslo.

Kvåstunet sin direktør Terje Svindland er nøgd med nominasjonen og innrømmer at han hadde hoffet sin bygningspris i tankane då Austheim blei malt og belyst.

Saknar skattelister

bf

Børge Foss, som just har klyppa seg, meiner det er ein uting at ikkje Kvås Film gjer skattelistene tilgjengelege på kvas.no.

Foss kjem i løpet av neste veke til å henge opp ei eiga skatteliste på butikken over dei som sit i kyrkjelydsrådet.

Torgeir Gundersen tykkjer Kvås Film skulle ha laga ei ti-på-topp-skatteliste over dei som bur på heiene og ei tilsvarande liste over dei som bur i dalen.

Katolsk menighet i Kvås?

Pater Kjell Arild Pollestad i den katolske kyrkja har merka seg suksessen til Ann Kristin Eikelands nye katolske Kvås-kor.

No ynskjer Pollestad å etablere ein eigen katolsk menighet i bygda. Det er venta at han vil ha ein stand utanfor kyrkja etter Eikelands releasekonsert neste fredag.

Pateren meiner likevel at koret må vere litt mindre frisinna enn det var på Sparebank1 sin humorfest om det skal høyre inn under den katolske kyrkja.