Skund deg hvis du skal ha DVD

n565125621_2273324_4239.jpg

Var du ein av dei få som gjekk glipp av Sela si jubileumsframsyning «Kvås på plakaten» i byrjinga av november? Eller er du ein av dei som av ein eller annan grunn har lyst til å sjå ho om att?

No har du sjansen – på Kvås Film sin nye dobbel-DVD. Men du må skunde deg. For snart stenger me av moglegheiten til å bestille.

På den same DVD-en vil du kunne få sjå Kvås Film sin versjon av Dagsrevyen, som vart vist på 17. mai-festen i fjor.

For at DVD-avdelinga i Kvås Film skal få seg ein oversikt over kor mykje mannskap som må hentas inn under produksjonen, hadde det vore fint om du, hvis du ynskjer DVD – sender di bestilling på e-post til dvd@kvas.no.

Før du sender di bestilling vil me åtvare om at kvaliteten på opptaka av «Kvås på plakaten» av ulike årsaker er av noko varierande kvalitet.

Prisen er kr. 200,- per DVD.

2 tankar om “Skund deg hvis du skal ha DVD

  1. dersom noen vil spare 100 kroner kan dere leie den av meg for 100 kr per døgn.
    send mail for dato.
    har du ikke mail treffer du meg på dagtid i fiskekort bua på undeland.

Legg att eit svar