Kvås Film kjøper skulen?

skulen.jpg
Etter mange henvendelser frå nyfikne menneske kan Kvås Film no avsløre at me sjølv er aktuelle som kjøparar av dei tomme skulelokala i bygda. Konsernleiinga har i fleire månadar i all hemmelegheit jobba med å skaffe kapital for å kjøpe ut bygga.

No er det økonomiske på plass. Det spørs berre om Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) vil ha oss som kjøparar. Det er det mest usikre i denne saka.

Kvås Film ser stort potensial i bygningsmassen. Dei kan til dømes nyttast til filmstudio, filmskule og snottframsyning. Me håper etter kvart å kunne byggje opp eit filmmiljø i Kvås, der me knytter til oss kvalifisert personell frå kjende regissørar og filmskaparar. Det kan óg bli aktuelt med innspelingar av diverse fjernsynsseriar.

Truleg vil Kvås Film óg gå inn som nye eigarar av bornehagen, som eit dotterselskap; Kvås Film Bornehage.

Av forretningsmessige årsaker kan me diverre ikkje gå ut med meir – førebels.

0 tankar om “Kvås Film kjøper skulen?

  1. Dette var en strålende idè!!

    Jeg synes NLM i samarbeid med Kvås film bør gjøre en kontraktavtale om produsering av all positiv reklame for NLM.

    Hele Kvås vil nok støtte opp som frivillige statister vil jeg tro..

Legg att eit svar