Sjå «Slagkraftig i 50 år» på kino

Bilde 329. desember kan du sjå «Slagkraftig i 50 år» på Lyngdal kino. Billettsalet er allereie i gong. Du kan kjøpe billett HER.

1. januar 1963 vart Kvås, Lyngdal og Austad slått saman til éin kommune. Kvås kommune hadde akkurat då bygd skule og kvileheim, og opparbeidd seg ei stor gjeld. Gjelda tok dei med seg til storkommunen. Kva tenkjer bygdefolket i Kvås om samanslåinga? Korleis vart ho markert? Og kva no – 50 år etter? Bør Kvås bli eigen kommune att?

Gjennom samtalar med folk som opplevde samanslåinga har Kvås Film freista å dann seg eit bilete av desse tinga. Me har òg tala med ein objektiv historikar som ser ting utanfrå. Og i dokumentaren «Slagkraftig i 50 år» har Kvås til og med sin eigen ordførar. Han trur i hvert fall han er det.

«Slagkraftig i 50 år» er eit verdifullt lokalhistorisk og humoristisk film du ikkje bør gå glipp av om du er frå – eller har tilknytting til Kvås.

Me har og laga DVD/Blu-ray av filmen. Den kan du kjøpe på Joker Kvås.

Det er ikkje høve til å kommentera dette innlegget.