kvås.no

Kvås Film på nett

Arkiv for «BygdeSludder»

Knuste vindauge

May 17, 2010 BygdeSludder Comments

Ole Kristian Helberg Hansen har innrømma at han skaut i sund eit vindauge på Austheim med luftgeværet under skytekonkurransen på 17. mai.

Studiepermisjon

May 11, 2010 BygdeSludder Comments

Kvås Film har fått innvilga studiepermisjon, og vil difor ikkje ha høve til å bidra til årets folkefest 17. mai på Kvåstunet. Kan hende me kjem attende neste år, om komiteen ønskjer det.

Dagny Bryggeså og Marianne Vegge vil frå no av sitje nattevakt på Joker Kvås – slik at det ikkje blir fleire innbrot.

Dei to skal sitje vakt ved kvar si inngong, og er utstyrt med kvar sin planke som dei skal stoppe tjuvane med om dei prøver seg.

Torleiv Rom blir truleg nekta start når Qvaas traktorlag neste gong skal arrangere pløypemeisterskap.

Leiinga i traktorlaget meiner han juksa under meisterskapet i år, då han skal ha brukt ein spesiell olje på plogen. Torleiv Rom har ikkje ynskja å seie noko om saka.

Det tok litt av på leikeplassen på feriesenteret i Danmark under menighetsturen sist helg.

Men soknerådet vil ikkje gjere kjent kven av dei vaksne som fekk buksene revna under leiken på hoppeputene. Dei dysser historia ned.