
Roy Dillerud seier at han såg Fylkesmannens fiskeforvaltar Edgar Vegge (biletet) fiske i Lygna sist måndag.
Alle veit jo at det ikkje er lov å fiske på måndager. Vegge tek sjølvkritikk. Han seier at han ikkje fekk fisk, og unnskulder seg med at han trudde det var onsdag.
Me vil opplyse om at biletet er manipulert. Kvås Film vil jo ikkje at nokre skal tru at me tøyser med verkelegheita.

John Simon Nøkland anbefaler bøkene til Camilla Läckberg som sumarlektyre. Litteraturkritikaren frå Kvås tykkjer spesielt boka Isprinsessen er framifrå.

Det gjekk just opp for Jorunn Birkeland at det er ei dokke som sit på traktoren utanfor Joker på Vemestad. Ho trudde det var Thor Thomassen, og var så imponert over kor lenge han klarte å sitje der. Då mannen Rune sa at det var ei dokke, blei ho så øvigjedd.

Tidlegare Kvås-lærar Alfred Vaagsvold har utforma ein kunstinstallasjon som han skal gi til Kvåstunet under opninga på sundag. Installasjonen har han kalla «Luftslottet».

Kolbjørn Stuestøl tykte 17. mai-komitéleiar Tor Harald Staddeland hoista for mykje. Staddeland meiner Stuestøl ikkje har grunn til å syte, og seier at han gjerne kan tenkje seg å vere komitéleiar også neste år.
Siste kommentarar