Påskekrim på Joker

joker141.jpg
Dei fleste i bygda har nok fått med seg at Joker Kvås satsar tungt på påskekrim.

kvas.no er skeptisk til dette, og meiner butikkstyret bør konsentrere seg om å drive butikk i staden for å drive med litteratur.

No skal me ikkje øydeleggje spenninga i år, og avsløre Kvikk Lunsj-tjuven.

Men for å få satt ein stoppar for neste års planlagte påskekrim, vil me herved avsløre at det var Astrid Thomassen, i samarbeid med butikk-Turid som stakk av med kompegryta på bakrommet på Joker. Berre sjå korleis dei gliser på biletet.

Ein tanke om “Påskekrim på Joker

  1. Jokerstyret vil med dette takka kvas.no for å vekkja åtgaum kring Joker Kvås, og dermed laga reklame og kanskje auka handel (noko som ikkje hadde skjedd om me ikkje hadde drive med litteratur i tillegg til å driva butikk).

Legg att eit svar