Ein spøk

17mai.jpg

Du vil sikkert ikkje innrømme det for andre, men om du tenkjer etter, var du heilt sikkert ein av tvilarane.

1. april publiserte Kvås Film teksten om at det var mogleg å reservere billettar til 17. mai-festen på sambrukshuset. Og om det høyrtes aldri så sannsynleg ut, var det ein aprilspøk.

Me skal ikkje påstå at mailservaren til kvas.no vart sprengd av folk som ville melde seg på festen allereie no. Mange stussa nok nokre hakk med seg sjølv, og me trur at fleire ikkje torrde å sende e-post, av frykt for å bli hengd ut på kvas.no. De gjorde lurt i å la vere å sende e-posten.

Legg att eit svar