17. mai-billettar på kvas.no

folkefesten.jpg
I år vert det 17. mai-folkefest på sambrukshuset. Der er det færre plassar enn i dei gamle lokala på folkehøgskulen.

Sidan komiteen for festen trur det vert rift om plassane, vil det vere mogleg å reservere billett til 17. mai-festen via kvas.no allereie no
. Kvåsfolk har fyrsteretten til dei populære billettane
.

Me rekner med at dei 150 billettane kjem til å gå raskt unna. Difor oppmoder me deg til å vere tidleg ute med å reservere. Det er fyrstemann til mølla, og fleire har allereie sikra seg plass på festen.

Det er førebels ikkje klart kor mykje årets billett vil koste. Det kjem an på serveringa.

Er du difor interessert, kan du sende ein e-post til post@kvas.no
. Skriv namn på kven du ynskjer billett til, og eit telefonnummer – så me kan kome i kontakt med deg for leveringsinformasjon.

Legg att eit svar