Sjå humorfest


Her kan de sjå humorfesten til Sparebank 1 SR-Bank, der Wenche Espeland Nøklands kor gjekk til topps. Om de spoler fram til rundt 50 minutter ut i filmen – får de sjå det fantastiske koret.

Jolemarknad på Joker

kvas.no er av Kvås Daglegvare blitt beden om å kunngjere at det fredag 30. november blir jolemarknad frå klokka 18 til 20. Lydige som me er, så legg me herved ut kunngjeringa. Etter det me har høyrd, så skal jolegrana tennast denne kvelden, og om folk er ekstra flinke til å handle på Joker fram mot marknaden, har også jolenissen lova å kome innom ein tur.