Gliste på TV – taus på kvas.no

ingunnval.jpg

Ingunn Foss (H) hadde tidenes breiaste glis då ho vart intervjua av NRK Sørlandet rett før midnatt måndag kveld. Men overfor kvas.no nektar ho å kommentere det dårlege valresultatet i Kvås sokn. Ingunn sin mann Knut, legg imidlertid ikkje skjul på at han gledar seg til å bli Lyngdal sin fyrstemann dei kommande fire åra.

Glede på Birkeland

Jorunn Birkeland, som før valet sa klart ifrå om at ho heller vil kjøpe ny veske enn å betale eigedomsskatt, ser no ut til å kunne gå og kjøpe veska si. Med Ingunn Foss (H) som ny ordførar i Lyngdal forsvinn vel eigedomsskatten før haustlauvet sett inn for fullt. Til tross for gjentekne forsøk har ikke kvas.no lukkast i å kome i kontakt med Birkeland på valnatta for ein kommentar, men nabo Ingebjørg Kamstrup høyrde eit snev av jubelrop då valresultatet for Lyngdal var presentert på skjermen.

Leidulv-smiskinga hjalp

valresultat1.jpg

Valresultata frå Kvås er no klare, og som me kan sjå av kvas.no sin grafikk, har Leidulv Nesgård (KrF) si smisking med bygdefolket i Kvås gitt resultat. Men diverre for Nesgård var ikkje lyngdølene særleg imponert.

Elles har Demokratene gjort eit godt val i Kvås. Me har grunn til å tru at det skuldast Ole T. Wamestads iherdige innsats i stemmelokalet på Sambrukshuset.

Ingunn Foss (H), som i Lyngdal gjorde eit framifrå val, fekk imidlertid ikkje spesielt mange stemmer i Kvås. Truleg skuldast dette at ho for mange år sidan heller ville busette seg med sin Kvås-mann i Lyngdal, framfor i Kvås. Det skulle berre mangle at ho ikkje var straffa for sånt.

Kvås-kytaren

leines2.jpg

KrF sin ordførarkandidat Leidulv Nesgård kjem med valdsam kyt av Kvås-bygda i eit lesarinnlegg i Farsunds Avis 7. august. I innlegget reklamerer han òg for kvas.no, noko me sjølvsagt er takksam for. Ordførarkandidaten slår samstundes fast at Kvås er ein viktig del av Lyngdal. Det er å snu saka noko på hovudet. Sanninga er vel heller at Lyngdal er ein viktig del av Kvås.