Jolenøttkalender


Hvis du ikkje er på Facebook, går du ei stussleg førjolstid i møte. For det er på Kvås Film sin Facebook-profil det skjer. Der har me nemleg vår eigen jolenøttkalender, med kvåsrelaterte spørsmål frå 1. til 24. desember. Difor; kom deg på Facebook – og bli med!

Sjå humorfest


Her kan de sjå humorfesten til Sparebank 1 SR-Bank, der Wenche Espeland Nøklands kor gjekk til topps. Om de spoler fram til rundt 50 minutter ut i filmen – får de sjå det fantastiske koret.

Festen «live»!

Er du blant dei få som ikkje har høve til å kome på folkefesten i Kvås i morgon?
Synd for deg.

Men, me har ei god nyhende til deg. Frå klokka 18.30 kan du sjå levande bilete frå festsalen på Kvåstunet! Kvås Film vil nemleg sørge for at du for fyrste gong i historia skal kunne få den årlige festen «live» – uansett kvar du er i verda. På kvas.no får du difor sjå alt som skjer, unnateke matpausen klokka 20. Fleire kamera vil vere i sving for å

Fylgj altså med, frå klokka 18.30. Festen byrjar klokka 19.00.!

Her kan du sjå festen live.

 

 

Gjensyn med prosten

10. mai 2004 vitja prinsesse Astri fru Ferner Lyngdal og den pensjonerte prosten Paul Gerhardt Birkeland frå Kvås.

Dette fekk sjølvsagt Kvås Film med seg på film. Filmen har vore på Youtube i fleire år, og har over 6.300 visninger. Me har nå lagt ut ein ny versjon, med betre teknisk kvalitet.

Sjå dei unike bileta og høyr Asle Foss imitere prosten på mesterleg vis.

Du kan sjå fleire av Kvås Film sine snotter på Youtube.

Jolenøttkalender


Hvis du ikkje er på Facebook, går du ei stussleg førjolstid i møte. For det er på Kvås Film sin Facebook-profil det skjer. Der har me nemleg vår eigen jolenøttkalender, med kvåsrelaterte spørsmål frå 1. til 24. desember. Difor; kom deg på Facebook – og bli med!

Biskop-ja til kyrkjetaun


Biskop Olav Skjevesland sa etter sundagens jubileumsgudsteneste at han er positiv til Oddvin Egeland sine planer om å byggje om garagen sin like ved kyrkja til kyrkjetaun. Men diskotek kjem ikkje på tale.

Biskopen likar ikkje pavefilmane


Biskop Olav Skjevesland likar dårleg at Kvås Film og medlemmar av Kvås kyrkjelyd har lefla og tøysa med Paven.

Då han for eit par dagar sidan fekk høyre at det vart laga opptil fleire filmsnottar med Paven i hovudrolla, vart han så skuffa at han vurderte å droppe vitjinga på Kvås kyrkje sitt 175-årsjubileum sundag.

Det var særleg filmsnotten som viste ein badande pave som opprørte biskopen. Har du ikkje sett filmen som biskopen reagerer på, kan du sjå han ved å klikke HER

17. mai-billettar på kvas.no

folkefesten.jpg
I år vert det 17. mai-folkefest på sambrukshuset. Der er det færre plassar enn i dei gamle lokala på folkehøgskulen.

Sidan komiteen for festen trur det vert rift om plassane, vil det vere mogleg å reservere billett til 17. mai-festen via kvas.no allereie no. Kvåsfolk har fyrsteretten til dei populære billettane.

Me rekner med at dei 150 billettane kjem til å gå raskt unna. Difor oppmoder me deg til å vere tidleg ute med å reservere. Det er fyrstemann til mølla, og fleire har allereie sikra seg plass på festen.

Det er førebels ikkje klart kor mykje årets billett vil koste. Det kjem an på serveringa.

Er du difor interessert, kan du sende ein e-post til post@kvas.no. Skriv namn på kven du ynskjer billett til, og eit telefonnummer – så me kan kome i kontakt med deg for leveringsinformasjon.